Bustadblokka
Bustadblokka har til saman 15 leilegheiter; 3 leilegheiter i øvre etasje, 10 leilegheiter i 1. og 2. etasje og 2 leilegheiter i underetasjen. Blokka har innandørs parkeringsplassar i kjellaren og heis opp til alle etasjane. Leilegheitene har terrassar vendt mot sør med gode solforhald.
Storleiken på dei 3 leilegheiter i øvre etasje er om lag 120 m2, dei 10 leilegheiter i 1. og 2. etasje er 70-90 m2 og 2 små leilegheiter i kjellar etasje.
Leilegheitene vil kunne ha 1 eller 2 bad og ha 2 eller 3 soverom avhengig av ynskje frå kjøpar
Enkeltståande Bustader
Storleiken på dei 13 enkelståande er mellom 100 og 150 m2 og vil ha 2 bad og 3-4 soverom avhengig av ynskje frå kjøpar.
Bustadane vil ha garasje/bod med terrasse. Det vil verta lagt vekt på å lage eit triveleg bumiljø med gode uteområde og tilrettelegging for sosiale aktivitetar. Det vil vert nytta berekraftige byggjematarialar og energikjelder.
Nyheiter
Neste byggetrinn vil vera grunnarbeidet for området som vil starte opp 2024.
Dette inneber graving og bortkøyring av jordmassar i heile planområdet og sprenging av fjell øvst mot Ådlandsvegen.
Som del av arbeidet vil hovudvegen gjennom byggjefeltet bygd og tekniske anlegg for vatn, straum og avlaup verta etablert.
Det vil også vera etablert nytt avlaupsanlegg, med eit moderne reinseanlegg for alle bustadane.